Historie
Stavik Trevare AS er ei familiebedrift som vart starta i 1973 under namnet «Odd A. Stavik Snekkerverksted». Den gong hadde vi oppdrag for lokalmiljøet i Fræna. 1. januar 1986 vart bedrifta gjort om til aksjeselskap, der Odd A. Stavik og Bjørg Stavik eigde 50% kvar. I oktober 1996 vart aksjekapitalen utvida til 75.000 og i dag eig Åshild Bakketun 34%, Olav Stavik 33,33% og Odd A. Stavik 32,66%
1. april 1997 flytta vi produksjonen inn i nye og moderne produksjonslokale som bedrifta eig sjølv. I 2004 bygde vi på ny monteringsavdeling og lakkavdeling. Vi har no lokaler på ca 1000m2.