Stavik Trevare AS

Nyheitsarkiv

Måndag 5. september 2005

I august 2005 har vi innstalert nytt lakkeringsutstyr. Dette består av ein lakkautomat, pussemaskin og ein tørkeovn.

Dette annlegget fungerer på den måten at vi legger platene på eit transportband som fører delene inn i ei børstepusser. så går det videre til ein traversautomat for pålegging av lakk. Så blir delene lagt opp i reoler og sett inn i ein gassdrevet tørkeovn.

Med denne investeringen har vi eit topp moderne lakkanlegg. Vi kan jobbe på ein bedre og meir rasjonell og miljøvennlig måte. Lakkeringsreultatet skal bli mykje bedre og meir stabilt en med manuell lakkering.

Fredag 14. mai 2004

Utbyggingen er nå ferdig og tillbygget er overlevert til oss.

Måndag 1. mars 2004

Stavik Trevare AS har i desember og januar utvikla innredninger i to nye båtar, Viksund 340 St.Cruz og NB 1160 Fly. Det vart to fine båtar som har vorte godt motteke av kundane. Båtane hadde første visning for publikun på båtmessa i Bergen 12 februar. Båtane vert òg vist på «Sjøen for alle» på Lillestrøm i mars.

Måndag 1. mars 2004

Huset har no tatt form. Halvparten av tak å vegger er no på plass. Det er klart for å legge ut golvarme i den eine delen, og deretter blir det golvstøyp.

Måndag 12. januar 2004

No er grunnarbeidet så nær som ferdig. Vi venter på at stålet skal komme, slik at stålbjelkane kan reisast og muringen av lecamuren kan ta til. Så skal resten av veggene med vindu og dører på plass.

Måndag 15. desember 2003

No er dei fleste av ringmurene ferdig støypt. Og arbeide med å fylle opp inne i murene er godt i gang. Siste støyping på ringmuren skal gjerast denne veka. Da vil det aller meste av grunnarbeidet vere unnagjort.

25.11.2003 Utbygginga er i gang

Da er vi endelig igang med utvidelsen av fabrikken. Les meir på sida utbygging.

Ei ny side med bilder frå Viksund 850 Combi er lagt til. Oversikta over dei tilsette er òg oppdatert.

Måndag 24. november 2003

Grunnarbeidet er godt i gang. Startar med forskaling av fundament denne veka.

Tirsdag 11. november 2003

Utgravinga av tomta starta.

19.6.2003 - www.stavik.no operativ igjen

På grunn av problem hjå vår leverandør har websidene våre og epost ikkje fungert sidan helga. Problemet er no løyst ved å skifte leverandør. Det vil ta ei lita stund for denne endringa å spreie seg, men i løpet av laurdag bør alt vere i orden.

Epost sendt etter onsdag 11. juni kan ha gått tapt. Vi oppmodar dei som har sendt oss etter denne datoen å sende på nytt.

Ektrahjelp/vikar

Vi har behov for ekstrahjelp i produksjonen, som vikar for ein av våre fast tilsette. Det er også aktuelt å bruke ekstrahjelp i periodar med stor ordretilgang.

Du må ha litt kjennskap til bruk av snikkarmaskiner samt produksjon av møblar, men opplæring vert gitt.

Ta kontakt med Stavik Trevare AS snarst på telefon 71 26 16 05.

28.3.03

Vi har no investert i fuktingsanlegg ved vår fabrikk. Dette vil føre til at vi kan produsere møblane under eit jamnt og ideelt fuktnivå året rundt. Dette sikrar ein betre og jamnare kvalitet på dei produserte møblane frå Stavik Trevare AS. Anlegget vert montert i veke 15. Dette er ein del av vår kvalitetsikring av produksjonen.

Ledig stilling

På grunn av auka arbeidsmengde må vi tillsette ein ny medarbeider. Les meir på sida Leding stilling.

Lagt ut 19.2.2003.

19.2.2003

På årets store båtmesse «Sjøen for alle» på Lillestrøm 14. - 23. mars vil Stavik Trevare AS vise innreiingar i 4 båtar. 2 alternativ av Viksund 310 st.cruze, nybåten Viksund 850 og NB 820 Combi. Alle desse båtane har innreiing frå oss.

16.12.02

Vi har i dag levert ein stor veggseksjon og bord til M/T Christina.  Anders Utkilens Rederi as. Produsert i eik-laminat med rotstokk-laminat til topplater. Dørene i overdelen har glassfyllingar.

1.12.02

Vi har inngått ny avtale om levering av skap og bord til Aker Aukras bygg nr. 108.

25.11.02

Kantpressa er no kommen inn på golvet og er klar til bruk. Den vil rasjonalisere liminga av kantlister, dører ol.

23.7.2002

Vi har no levert protoinreiing til NB 820 Combi.

18.02.02

- Neste utviklingsprosjekt er natet teak på akterdekket til Westbas 29. Dette vil løfte utsjånaden til båten, og gi den ein anna status.

28.01.02